Våre rekneskapstenester

Her finn du ei oversikt over kva rekneskapssystem og rekneskapstenester DFØ tilbyr.

Tenesteleveransar innan rekneskap for statlege verksemder

  • Systemløysingar tilpassa behovet til staten.
  • Tilgang til eit stort fagmiljø og eit omfattande kurstilbod.
  • Tilgang til beste praksis med dokumentasjon og beskrivingar av rutinar.

Rekneskapstenester

DFØ rekneskap tilbyr i dag to tenestemodellar, grunnteneste og delservice. Begge tenestemodellane inkluderer leveransar innan budsjett, inngåande faktura, utgåande faktura, utbetaling, periodeavslutning og rapportering. Arbeidsdelinga innanfor dei ulike områda varierer basert på kva tenestemodell kunden har.

Delservice

I tenestemodellen delservice har kunden ansvaret for å utføre fleire oppgåver sjølv, som til dømes bilagsføring, oppfølging av inngåande faktura, utfakturering, purring og inkasso. I tillegg har kunden eit større ansvar knytte til avstemming av rekneskapen enn ved tenestemodellen grunnteneste.

Grunnteneste

I tenestemodellen grunnteneste har DFØ eit større ansvar innanfor dei ulike områda, som til dømes ved bilagsføring, vedlikehald av dimensjonsverdiar, fakturabehandling fram til attestering, utfakturering, purring og inkasso, i tillegg til å utføre fleire kontrollar ved avstemming av rekneskapen.

Oppdatert: 9. juni 2026

Kontakt

kundesenter for regnskap

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.